Som nokon av dykk allereie veit har eg kjempa mot kreft i mange år no. No har eg komen til vegs ende for kva norsk helsevesen kan gjere for meg, og legene har anbefalt meg å sjå til utlandet for ei behandling som heiter CAR-T. Siden eg ikkje er i nærleiken av å ville gje opp kampen i ein alder av berre 33 år har eg og sambuaren min heve oss rundt og er no i Israel i håp om å få denne behandlinga. Ei behandling som potensielt kan gje meg mange gode og behandlingsfrie år🤞🏻
Alt dette koster ein del, og eg har vore heilt overvelda av all støtta eg har fått gjennom blant anna Spleis og fleire støttekonserter. Eg har og vore so heldig at fleire kunstnarar har donert trykk som eg no kan auksjonere bort på facebook.
Alle trykka ligger ute i facebook-gruppa, men det åpnes først for bud frå kl. 12:00 fredag 25. mars, og det holdes åpent for bud fram til sundag 27. mars kl. 20:00 for nokre av trykka og kl. 21:00 for dei siste. Alt står etter beste evne forklart på facebook-gruppa.
Alle verka auksjoneres uten minstepris.
Det auksjoneres bort trykk frå Ener Konings, Canevil, Drew Straker og Lars Tveit.
Håper nokon av dykk tar turen innom gruppa og auksjonen❤️
59 Likes
Trist å lese, og håper virkelig du får den behandlingen du ønsker og ikke minst fortjener. 
7 Likes
Tusen takk!
Me krysser alt me har for at dette endeleg skal gå vegen, og at behandlinga skal fungere:crossed_fingers:t2:
No er alle kommentarfelta opne og klare for bud❤️
Det er tilsaman 12 flotte trykk som skal auksjoneres bort i løpet av helga. Minner om at for dei sju første blir budrunda avslutta kl. 20 sundag 27. mars, mens for dei fem siste, trykka frå Lars Tveit, blir budrunda avslutta kl. 21 same dag.
Det er berre sambuaren min og eg so styrer dette og me skal sjølvsagt gjere vårt aller beste for å unngå at det blir rot, men me kan ikkje love noko.
Ta gjerne kontakt på messenger om dåke ser noko me bør ordne opp i!
Eg setter uendeleg pris på kvart einaste bud!
(PS Eg hadde gløymt å legge til betingelse om at budvinner dekker eventuelle fraktkostnader, men dette er no lagt til i informasjonen på kvart trykk.)
7 Likes
Me har fått inn enda eit flott trykk heilt på tampen❤️ Trykket Vestkyst frå fantastiske Linjer!
10 Likes
Siste auksjonsdag i dag❤️ Framleis mogleg å gjere nokre veldig gode kjøp!
Trykka frå Ener Konings, Canevil, og Drew Straker har auksjonsslutt kl. 20, mens trykka frå Lars Tveit og Linjer har auksjonsslutt kl. 21.
5 Likes