Først og fremst, hatten av for de som auksjonerer bort sitt unike lerret for veldedighet!
Vi ses i budkrigen, folkens
Me auksjonerer bort eit unikt lerret av AFK sitt nydelege motiv «RAIN» til inntekt for Extinction Rebellion!
Kunst er fantastisk. Vakker kunst rører oss, kunst kan provosere, det kan gjere oss nyfikne og begeistra. På den andre sida spelar kunst absolutt ingen rolle dersom verda går ad undas. Sidan me veit at cirka 60 % av artane på kloden er utrydda dei siste 50 åra, så er det på tide å ta inn over seg alvoret i situasjonen me står ovanfor: me er faktisk midt i den 6. masseutryddinga! (Årsak for at me bruker så sterke ord, Erna! Me veit at du ikkje likar det, men det at over halvparten av artane på jorda har forsvunne på så kort tid er såpass dramatisk at å vente med dei store orda står for oss fram som strutsetaktikk).
Derfor forstår me, stadig sterkare, at me må gjere noko, og det no!
Når våre born (eller alle andre born!) spør oss kva me har gjort for å redde kloden, så ønskjer me å kunne sjå dei i augo og seie at me gjorde det me kunne.
Å kvitte seg med nokre materielle ting er i grunnen eit lite offer for dei fleste av oss her oppe i nord, og alle bekkar små gjer ei stor å, som det heiter så fint. Derfor, som ein liten start, ønskjer me å auksjonere bort det kjæraste kunstverket me eig til inntekt for Extinction Rebellion. Pengane skal øyremerkast dekking av dei urimeleg høge bøtene norsk politi gir aktivistar som prøver å få politikarane våre til å vakne frå dvalen.Sjølve motivet er eit fantastisk verk av den mest omtalte gatekunstnaren i Noreg dei siste åra. Dette lerretet av eit av hans mest ettertrakta motiv vart opprinneleg laga i 2014, men av ulike årsaker vart det i si tid ikkje signert og nummerert. Derfor kom kunstnaren på besøk nyleg, og i tillegg til å signere verket var han så venleg å lage lerretet om til ein 1/1 variant med eit unikt mønster på kjolen og strømpebuksa. Sidan biletet ikkje vart ferdig stilt før no, så står det 2019 som årstal.
Informasjon om verket:
Kunstnar: AFK
Tittel: Rain - Assistant’s Copy
Medium: Spray på lerret
Størrelse: 100 x 140cm
Opplag: 1/1 (unikt)
År: 2019 (2014)Autentisitetssertifikat følgjer med.
Auksjonen held fram til søndag 15.12 klokka 21.
Startpris: 0,-
Minste bodauke: NOK 100,-Me ønskjer helst at boda vert gitt som kommentar under annonsen her på Facebook (NB! IKKJE som svar til andre kommentarar), men ønskjer du å vere anonym kan du også sende bod på e-post til hhskjonsberg@protonmail.com
Bod via PM på Facebook og Finn er også akseptabelt, men me gir ingen garanti for at me følgjer veldig nøye med på dei før siste kvelden. (Me lovar likevel å sjekke opptil fleire gonger per dag).
5 minuttar «sniper protection» (Dvs at ein alltid har 5 minutt på seg frå siste bod til å komme med nytt bod).
ALLE BOD ER BINDANDE!
Vi køyrer bodlogg som eigaren av vinnarbodet kan sjå dersom ein ønskjer det.Pengane må betalast direkte inn til Extinction Rebellion. (Betalingsinfo lengre nede)
Etter at betalinga er stadfesta, kan bodvinnar hente biletet på Fitjar, eller få det levert i området Bergen – Haugesund før jul (må då betale for innpakking/ferje/bom/bensin).
For levering til andre stadar, kan me sjølvsagt pakke biletet trygt inn, men eventuell transport med Bring/Nimber/DHL o.l må organiserast og betalast av bodvinnar, og risikoen for transporten fell også på kjøpar (Forsikring er nok det tryggaste).Dersom prisen på biletet blir høgare enn dei fleste av oss tek seg råd til (og det håpar me jo inderleg), er det likevel mogleg å støtte Extinction Rebellion anten ved å vippse til 556602,
eller ein kan nytte bankkontonummer: 1254.62.97436.Me er eigentleg over gjennomsnittleg private menneske, men pytt, for første gong set me eit innlegg som offentleg for å få spreidd eit så viktig bodskap. Me håpar så mange som mogleg deler, likar, tipsar og liknande - del gjerne via e-post og til andre plattformar slik at fleire kan by på dette aldeles nydelege kunstverket.
God jul og varm klimahelsing frå
Gro & Hans